Hus til leige i Eikedalen
| Eikedalen ligg i Samnanger kommune like ved grensa til Kvam. Her finn du m.a. Eikedalen Skisenter AS og Eikedalsvatnet. Eikedalen ligg ca. 1 times køyring aust for Bergen, like ved starten på Kvamskogen. Ca.400 m.o.h. gjer at Eikedalen har gode snøforhold om vinteren. Om sommaren er det flott turtereng like utanfor stovedøra. Eikedalsvatnet gjev også høve til fiske og avslapping. Huset kan leigast for kortare periodar, eller på åremål. Huset er romsleg og godt utstyrt med m.a. varmepumpe, oppvaskemaskin, 2 vedomnar og kabel-TV med ca.40 kanalar. Loftetasjen har 2 nye soverom og loftstove. (Innlagt fiber gjev også høve for breiband og IP-telefoni om ønskeleg). Bruk menyen til venstre og sjå deg om i huset. |
|
![]() |
![]() |